Naivt om ChatGPT

I iveren etter å hindre studentar i å jukse skriv ein frustrert lærar:

I’ve been using New Quizzes for years, for both at-home open book homework assignments and for exams, and it’s seeming right now that some of my students are copying and pasting the Quiz questions for their homework assignments into ChatGPT or some other AI, as students who do not perform well on the proctored exams and who at the beginning of the semester got 70-80’s on the quizzes are now getting 100% on an almost weekly basis.  (Even my top students don’t regularly get 100%, even though they are open book, so I’m quite sure these students are using AI to answer the questions.)  Is there a way to make it so that students cannot copy and paste the text from the quizzes?  That would do much to fix the issue, as I doubt they’d be willing to hand type it all into their AI.  

https://community.canvaslms.com/t5/Canvas-Admin-Blog/Quiz-Settings-to-Maximize-Security/bc-p/566911/emcs_t/S2h8ZW1haWx8ZGlnZXN0X25vdGlmaWNhdGlvbnxMR004MzJGMThVSFZLT3wtMXxPVEhFUlN8aEs#M2303

Når hen trur at det å hindre kopiering av tekst frå eit spørsmål hindrer studentar i å bruke ChatGPT eller andre hjelpemiddel er denne læraren utruleg naiv. Punktum.

Når du ikkje har det rette ordet

«Språk er kommunikasjon» — livet er fullt av situasjonar der eg seier «A» men mottakaren oppfatter «B», og vi har ein konflikt. Ofte er konflikten liten, og vi kan løyse opp i den ved å stille eit oppklarande spørsmål, sei det på ein annan måte, teikne ei skisse, peike på ein gjenstand eller på andre måtar utvide kommunikasjonen til andre ting enn berre ord.

Men av og til er det berre ord som nytter. Korleis kommunisere om lyd eller smak? Eller kjensler?

Songen «She’s leaving home» frå Beatles-albumet «Sgt. Peppers» har harpe som eit av dei bærande instrumenta. Ikkje det mest vanlege instrumentet i popmusikk, og når ein då er opptatt av å få eit godt lydbilete kan det by på utfordringar. I dette intervjuet formidler harpisten på opptaket veldig godt kor vanskeleg det var for Paul McCartney å formidle den perfekte lyden han var på jakt etter.

Mitt år i Spotify

«Spesialisten»???

Eg kan kjenne meg att i dette. Har aldri heilt fått til det å lage «spelelister» – har ein artist gitt ut eit album så har artisent ei meining med det, og då er det enklast å høyre heile plata i strekk. Med nokre få unntak: spelelista «Guardians of the Galaxy 1 & 2 Soundtrack» er ei akkurat passe god blanding av musikk frå 70-talet.

Litt variert smak

Så var det det med smaken, då. Den ser ut til å vere litt delt, ja.

To timar musikk i veka

To timar musikk i veka – er det mykje? Og kva betyr eigentleg «39 % mer enn andre lyttere i Norge»? Eg går ut frå at det betyr at gjennomsnittet er 4628 timar, altså halvannan time i veka.

Skjermbruk

Som eit første forsøk på «læringsanalyse» (kva no det måtte vere) har vi i ein periode registrert om studentar nyttar «stor» eller «liten» skjerm når dei går inn i Canvas. Og til samanlikning: kva nyttar lærarane? Resultatet er ikkje så veldig overraskande:

Studentars skjermbruk i Canvas ved HVL hausten 2022.
Lærarars skjermbruk i Canvas ved HVL hausten 2022.
  • Studentane er meir aktive på små skjermar i starten av semesteret, og jamt over nyttar dei små skjermar gjennom heile semesteret. Det verkar rimeleg: dei nyttar skjermen meir til å lese enn til å skrive. Og denne aktiviteten avtar utover i semesteret; aktiviteten flytter seg litt frå å lese til å skrive.
  • Lærarar nyttar nesten ikkje små skjermar i det heile.
  • Måndag er den mest «aktive» dagen (både for lærarar og studentar); sundag er litt meir aktiv enn laurdag (også for lærarar og studentar).
  • Aktiviteten avtar ut gjennom veka; det er heller ikkje så unaturleg? Men det ser ut som at studentane sin aktivitet synker kraftig på fredagar (til berre halvparten av det som er vanleg måndag-torsdag). Dette siste kan kanskje bli gjenstand for litt meir analyse.
  • Studentane sin aktivitet held seg på omlag same nivå til midten av desember, medan lærarane har ein synkande tendens frå midten av november og ut semesteret. Gode forklaringar på dette?
  • For sikkerhets skuld: talet på andreaksen er registrerte sidelastinga i Canvas. Det vil sei kvar gong nokon opnar ei side, ei oppgåve, ei kunngjering. Og kvar gong nokon lagrer ei side, sender inn ei oppgåve, skriv eit innlegg i ein diskusjon. Alt som sender ei melding til Canvas om at «no gjer eg noko».

Det skal bli spennande å sjå utviklinga i vårsemesteret også.

akkogve ?!?!?!?

Kvar kjem brukarnamnet «akkogve» frå? I alle år nytta eg «aak» som initialar, for å ta vare på stavemåten av namnet mitt (Aasmund Kvamme). I 1993 fekk eg jobb på Bergen ingeniørhøgskole, og vart då tildelt initialane «akv». Etter ein svak protest fekk eg melding om at Aagot K. hadde «aak» frå før, så det kunne eg ikkje få. Og det var jo ei forklaring eeg måtte bøye meg for.

Ein del år seinare vart det aktuelt å registrere seg på ulike nettstader, og då kunne eg jo bruke «aasmund» ei stund. Men eetter kvart vart det fleire «aasmund» ute og gjekk, og «aasmundk», «aasmund63», «aasmundkvamme» var liksom ikkje like kjekke namn å bruke. Så ein ettermiddag falt det brått ned i meg at eg kunne skrive forkortinga «akv» som «akåve» (heilt sikkert inspirert av nokon andre som hadde gjort noko tilsvarande). Men «å» er ikkje så lett å nytte på nettet, så etter litt mumlng og prøvesmaking på lydar kom «akkogve» dettande ned. Og den fungerte! Unik, internasjonal. Og med den vesle tvisten at den liknar svært på «akk og ve».